tirsdag 30. september 2014

Bål

Mandag 29.10.14 reiste me i friluftslivtimen opp på rutlinslid for å lære oss om bål. Då me kom opp blei me møtt av to studentar frå høgskulen, desse skulle vise oss korleis me bygde opp eit bål, korleis me laga ein "trefot" og kva som er best og verst å brenne.
Bålet var allerede klart då me kom opp, så me vart sett i gang til eit par småjobbar. Tre av oss satte i gang med "trefoten", andre til høgging og spikking, og nokre til å finne never, dette skulle brukast til eit nytt bål.
Etter me hadde funne alt me trengde til det nye bålet, sette me oss ned ved det opptente bålet for å varme oss mat og kose oss :)
Til slutt fekk me sjå korleis me skulle bygge opp eit bål, starta med dei kraftigaste kubbane nederst, og tynnare oppover. Mellom kubbane må det vere luftig for at det skal brenne nedover.
Dei tre personane som lagde "trefoten" avslutta med å syne kva dei hadde gjort og korleis dei knytte den saman, synte og korleis me kan nytta den.
Her ser du korleis du lagar ein trefot